Marte Kristi Malkenæs
Her kan du lese om mi reise frå å vekse opp omgitt av norsk natur på Sandane, til å satse fullt på lidenskapen min og dele kunsten min med deg.
Mitt namn er Marte Kristi, og eg er fødd og oppvaksen på Sandane, ein liten stad i Sogn og Fjordane med vakker natur. Frå eg var lita, har eg saman med mora mi drive med maling og alle slags handarbeid. I alle år har kunst og maling berre vore ein hobby, men aldri noko eg har turt å satse på. Dei siste åra har det blitt tydelegare at dette er det eg ønskjer å gjere meir av — og helst heile tida!
I 2024 bestemte eg meg for å gi kunstnarlivet ein sjanse og tørre å satse på meg sjølv. Eg fann ut at eg var modig nok, at eg var god nok, og at om eg trudde på det sjølv, kunne eg få til alt eg ville.
For meg har naturen vore viktig for å få meir nærvær i kvardagen, og den norske naturen er derfor ei viktig inspirasjonskjelde når eg maler. Det er noko som skapar ein ro i meg sjølv og ein stad der eg kan senke skuldrane og vere til stades i nuet. I kunsten min ønskjer eg å rette fokuset innover ved å male nærvær i menneske og ei tilknyting til naturen. På den måten håpar eg å inspirere andre til å gi litt slipp på stress og finne tilbake til eit balansert indre liv.
Om eg trudde på det sjølv, kunne eg få til alt eg ville.